Home

Om meg

Født og oppvaksen på ein liten gard i Gloppen kommune, i Sogn og Fjordane, kor eg også tok utdanninga mi som kokk hos Gloppen Hotel. Etter læretida på heimplassen var tida moden for å reise ut av redet og utforske verden, eg reiste ikkje så fryktelig langt då eg fikk jobb som souschef hos anerkjente Sjøbua fiskerestaurant i Ålesund. På Sjøbua jobba eg ca 2,5 år. Ettersom at arbeidet der forgjekk  på kveldstid tok eg studie spesialiserande på Fagerlia VGS på dagtid det eine året. Når vitnemålet der var i boks søkte eg på Hotellhøgskulen i Stavanger kor eg fullførte min bachelor med fokus på marknadsføring i hotellbransjen.

I Stavanger har eg trivdas godt, og fått utfordra meg sjølv på fleire plan. Jobba deltid hos Ostehuset under studiane, og seinare fikk eg jobb som Assisterande Butikksjef hos Norvina mat. Ein asiatisk matbutikk med take away av alle dei typiske rettane som vårruller, stekt ris og chop suey.

På Norvina har eg fått utfordra meg på mykje av det ukjente, når eg starta der kjente eg ikkje til verken varene eller korleis det var å jobbe i butikk så læring kurva her var fryktelig bratt, men også kjempe spennande. Etter eg fikk meir og meir kontroll på arbeidsoppgåvene mine, såg eg nytten av digital marknadsføring, og meldte meg opp som student i års studiet Digital marknadsføring hos Noroff. Dette fullførte eg i Desember 2020 samtidig som eg har jobba 100% på Norvina.

No startar den spennande reisa vidare med å utvikle sosiale mediar for Norvina, samt bygge en eigen nettbutikk for butikken. Sidene eg har arbeida med kan du sjå under «porteføljar»

What People Say

Dedicated and hard working woman, who’s always deliver a good work.

Hanne Raad
Create your website with WordPress.com
Get started